Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 6:1-6 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. På denne tid, då talet på læresveinar auka meir og meir, kom dei gresktalande jødane med klagemål mot dei som tala hebraisk, fordi enkjene deira vart sette til sides i den daglege utdelinga.

2. Dei tolv kalla då saman alle læresveinane og sa: «Det er ikkje rett at vi forsømer forkynninga av Guds ord for å dela ut mat.

3. Brør, vel no ut dykk imellom sju menn som har godt ord på seg og er fylte av Ande og visdom. Dei set vi til denne oppgåva.

4. Sjølve skal vi via oss til bøna og tenesta med Ordet.»

5. Dette framlegget vart godt motteke av alle som var samla. Og dei valde Stefanus, ein mann full av tru og Heilag Ande, og Filip, Prokorus, Nikanor, Timon, Parmenas og Nikolaus, ein proselytt frå Antiokia.

6. Desse førte dei fram for apostlane, som bad og la hendene på dei.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 6