Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 5:26-37 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

26. Hovdingen for vakta og mennene hans drog då av stad og henta dei, men utan å bruka makt; dei var redde for at folket skulle steina dei.

27. Så tok dei dei med seg og førte dei fram for Rådet. Og øvstepresten tok til å spørja dei ut:

28. «Vi forbaud dykk strengt å læra i dette namnet. Og no har de spreitt læra dykkar over heile Jerusalem og vil gje oss skulda for at denne mannen døydde.»

29. Men Peter og dei andre apostlane svara: «Ein skal lyda Gud meir enn menneske!

30. Våre fedrars Gud reiste opp Jesus, han som de hengde på eit tre og tok livet av.

31. Han har Gud lyft opp og sett ved si høgre hand og gjort han til hovding og frelsar, så Israel kan førast til omvending og få tilgjeving for syndene.

32. Vi er vitne om alt dette, vi og Den Heilage Ande, som Gud har gjeve dei som lyder han.»

33. Då dei høyrde det, vart dei rasande og sette seg føre å rydja dei or vegen.

34. Men då reiste det seg ein mann i Rådet, farisearen Gamaliel, ein lovlærar som heile folket sette høgt. Han bad dei føra apostlane ut ei lita stund

35. og tok så ordet: «Israelittar! Tenk dykk vel om før de gjer noko med desse mennene!

36. For ei tid sidan steig Teudas fram; han gav seg ut for å vera noko stort, og om lag fire hundre menn slo lag med han. Men han vart drepen, og heile flokken hans løyste seg opp og vart til inkjes.

37. Etter han, på den tid det var folketeljing, kom galilearen Judas. Han fekk folk med seg på eit opprør, men han miste livet, og alle som fylgde han, vart spreidde.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 5