Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 5:1-8 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Ein mann som heitte Ananias, og Saffira, kona hans, selde ein eigedom.

2. Men han gøymde unna noko av pengane, og det visste kona om; det han la fram for apostlane, var berre ein del av summen.

3. Då sa Peter: «Ananias, kvifor har Satan fylt hjarta ditt, så du laug for Den Heilage Ande og heldt att noko av det du fekk for jorda di?

4. Kunne du ikkje ha halde på jorda di? Ho var då di. Og når du så hadde selt, rådde du ikkje sjølv over pengane? Korleis kunne du finna på å gjera dette? Det er ikkje menneske du har loge for, men Gud.»

5. Då Ananias høyrde det, seig han saman og døydde. Og det kom redsle over alle som høyrde om det.

6. Nokre unge menn kom og sveipte inn liket. Så bar dei han ut og gravla han.

7. Ikring tre timar seinare kom kona hans inn; ho visste ikkje kva som hadde hendt.

8. Peter spurde henne: «Var dette alt de fekk for jorda?» «Ja,» svara ho, «det var alt.»

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 5