Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 4:7-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. Dei lét apostlane førast fram og spurde dei: «Kva for kraft og kva for namn gav dykk makt til å gjera dette?»

8. Då vart Peter fylt av Den Heilage Ande og svara: «Rådsherrar og eldste i folket!

9. Når vi i dag vert forhøyrde for ei velgjerning mot ein sjuk mann, og de spør korleis han vart lækt,

10. då skal de alle og heile Israels-folket vita: Når denne mannen står frisk framfor dykk, så er det ved namnet åt Jesus Kristus, nasarearen, han som de krossfeste, men som Gud reiste opp frå dei døde.

11. Han erden steinen som debygningsmenn vraka,men som har vorte hjørnestein.

12. Det er ikkje frelse i nokon annan; for det finst ikkje noko anna namn under himmelen, gjeve mellom menneske, som vi kan verta frelste ved.»

13. Då dei såg kor frimodige Peter og Johannes var, og skjøna at dei var ulærde menn av folket, undra dei seg. Dei drog kjensel på dei, at dei hadde vore i lag med Jesus.

14. Og då dei såg mannen som var lækt, stå der saman med dei, hadde dei ikkje noko å leggja imot.

15. Dei sende dei ut or rettssalen og samrådde seg med kvarandre:

16. «Kva skal vi gjera med desse mennene? Dei har gjort eit openbert under; det er klårt for alle som bur i Jerusalem, og det kan vi ikkje nekta.

17. Men dette må ikkje koma ut mellom folk; difor vil vi truga dei og seia at dei ikkje må tala til noko menneske meir i dette namnet.»

18. Dei kalla dei inn att og baud dei slutta heilt med å forkynna og læra i Jesu namn.

19. Men Peter og Johannes svara: «Døm sjølve om det er rett for Gud å lyda dykk meir enn han.

20. Vi kan ikkje anna enn tala om det vi har sett og høyrt.»

21. Dei truga dei då endå meir, og lét dei så gå. For dei såg seg inga råd til å straffa dei, av di alt folket lova Gud for det som hadde hendt.

22. Han var då meir enn førti år den mannen som hadde vorte lækt ved dette underet.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 4