Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 4:31-37 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

31. Då dei hadde bede, skalv staden der dei var samla, og dei vart alle fylte av Den Heilage Ande og tala Guds ord med frimod.

32. Heile flokken av truande var eitt i hjarta og hug, og ingen kalla det han åtte for sitt eige; dei hadde alt i lag.

33. Med stor kraft bar apostlane fram vitnemålet om at Herren Jesus var oppstaden, og stor nåde var over dei alle.

34. Ingen av dei leid naud; for dei som åtte jord eller hus, selde det og kom med pengane

35. og la dei for føtene åt apostlane. Sidan fekk kvar einskild tiletla det han trong.

36. Det var ein mann frå Kypros, ein levitt som heitte Josef. Av apostlane hadde han fått tilnamnet Barnabas – det tyder trøystarsonen.

37. Han åtte ein åker; den selde han og kom med pengane og la dei fram for apostlane.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 4