Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 3:7-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. Så tok han mannen i høgre handa og reiste han opp. Og straks fekk han styrke i føtene og okla.

8. Han spratt opp, stod på føtene og tok til å gå ikring. Så fylgde han dei inn på tempelplassen, snart gjekk han og snart sprang han, alt medan han lova Gud.

9. Alle såg korleis han gjekk ikring og lova Gud.

10. Og dei kjende han att: Det var han som var van å sitja ved Fagerporten og be om gåver, og dei vart fylte av undring og otte over det som hadde hendt med han.

11. Mannen heldt seg nær Peter og Johannes, og alt folket flokka seg ikring dei i Salomos bogegang, fulle av undring.

12. Då Peter såg det, tok han til å tala til folket:Kvifor undrast de over dette, israelittar? Kvifor stirer de på oss, som om det var av eiga kraft eller gudsfrykt vi gjorde at denne mannen kan gå?

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 3