Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 3:20-26 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

20. Då skal det koma tider med lindring og trøyst frå Herren, og han skal senda den Messias som er etla åt dykk, Jesus.

21. Han lyt vera i himmelen til den tid kjem då det skal atterreisast, alt det som Gud har tala om frå eldgamle dagar gjennom dei heilage profetane sine.

22. Moses sa: Herren Gud skal reisa opp ein profet som meg mellom dykk, ein av dykkar eigne brør. Han skal de høyra på i alt det han seier dykk.

23. Men kvar og ein som ikkje høyrer på den profeten, skal rydjast ut or folket.

24. Alle profetane som har tala, heilt frå Samuel, har forkynt det som hender i desse dagar.

25. De er born åt profetane, og for dykk gjeld den pakta som Gud gjorde med fedrane dykkar då han sa til Abraham: I di ætt skal alle ætter på jorda velsignast.

26. Det var til dykk Gud fyrst sende tenaren sin; han skulle velsigna dykk når kvar og ein vender om frå sine vonde gjerningar.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 3