Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 3:14-19 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

14. De fornekta Den Heilage og Rettferdige og bad om å få ein mordar frigjeven.

15. Men livsens hovding drap de, han som Gud vekte opp frå dei døde; det er vi vitne om.

16. Fordi vi trur på Jesu namn, har dette namnet styrkt denne mannen som de ser og kjenner. Den tru vi får gjennom dette namnet, gav mannen denne fulle førleiken, som de alle kan sjå.

17. Eg veit nok, brør, at det var i vankunne de gjorde dette, nett som rådsherrane dykkar.

18. Men på denne måten oppfylte Gud det han føreåt hadde late alle profetane forkynna, at hans Messias skulle lida.

19. Gjer difor bot og vend om, så syndene dykkar kan verta utstrokne.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 3