Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 3:1-6 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Ein dag då det leid til bønetimen, som er den niande timen, gjekk Peter og Johannes opp til templet.

2. Då kom det nokre berande med ein mann som hadde vore lam all si tid. Kvar dag sette dei han ned ved den tempelporten som kallast Fagerporten, så han kunne be dei som gjekk inn i templet, om ei sælebotsgåve.

3. Som han fekk auga på Peter og Johannes på veg inn, bad han dei òg om ei gåve.

4. Dei feste augo på han, og Peter sa: «Sjå på oss!»

5. Han så gjorde, for han vona dei ville gje han noko.

6. Men Peter sa: «Sølv og gull eig eg ikkje; men det eg har, det gjev eg deg. I namnet åt Jesus Kristus, nasarearen, byd eg deg: Stå opp og gå!»

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 3