Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 26:9-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. Eg tykte sjølv ein gong at det var ei plikt å strida av all kraft mot namnet åt nasarearen Jesus.

10. Og det gjorde eg i Jerusalem. Eg fekk fullmakt frå overprestane og kasta mange av dei heilage i fengsel; og var det tale om å avretta dei, røysta eg for.

11. Rundt ikring i synagogene fekk eg dei ofte straffa for å tvinga dei til å spotta; og rasande som eg var, forfylgde eg dei heilt til byar i utlandet.

12. Medan dette stod på, fór eg ein gong til Damaskus med fullmakt og løyve frå overprestane.

13. På den ferda, konge, såg eg midt på dagen eit ljos, klårare enn sola; det kom frå himmelen og stråla rundt ikring meg og dei som var i lag med meg.

14. Vi stupte alle til jorda, og eg høyrde ei røyst som sa til meg på hebraisk: «Saul, Saul, kvifor forfylgjer du meg? Det vert hardt for deg å stampa mot brodden!»

15. «Kven er du, Herre?» spurde eg. Og Herren svara: «Eg er Jesus, han som du forfylgjer.

16. Men reis deg opp og stå på føtene dine! Eg har synt meg for deg fordi eg vil kåra deg til tenar og til vitne, både om det du har sett av meg og om det du sidan skal få sjå.

17. Eg skal fria deg ut frå folket ditt, og frå alle folkeslag som eg sender deg til.

18. Du skal opna augo deira, så dei vender om frå mørker til ljos, frå Satans makt til Gud; då skal dei få tilgjeving for syndene og arverett saman med dei som har vorte helga ved trua på meg.»

19. Difor, kong Agrippa, har eg ikkje vore ulydig mot det himmelske synet.

20. Men eg har forkynt, fyrst i Damaskus og Jerusalem, sidan i heile Judea og for andre folkeslag, at dei må gjera bot og venda om til Gud og gjera gjerningar som svarar til omvendinga.

21. Difor var det nokre jødar greip meg i templet og ville drepa meg.

22. Men til denne dag har Gud hjelpt meg, og no står eg her og vitnar for høg og låg, og eg seier ikkje anna enn det som profetane og Moses sa skulle henda:

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 26