Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 26:23-32 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

23. at Messias skulle lida, at han skulle vera den fyrste som stod opp frå dei døde, og at han sidan skulle forkynna ljoset både for vårt folk og for folkeslaga.

24. Då han kom til desse orda i forsvarstalen, ropa Festus høgt: «Du er frå sans og samling, Paulus! Den store lærdomen din fører deg bort i vitløyse!»

25. Men Paulus svara: «Eg er ikkje frå vitet, vørde Festus; alt det eg seier, er sant og vel gjennomtenkt.

26. Kongen kjenner til desse tinga; difor talar eg så frihuga til han. Eg kan ikkje tru at noko av dette er ukjent for han; det har då ikkje gått føre seg i ein avkrok.

27. Trur du profetane, kong Agrippa? Eg veit at du trur.»

28. Då sa Agrippa til Paulus: «Det vantar lite på at du får overtalt meg til å verta ein kristen.»

29. Paulus svara: «Mitt ynske til Gud er at både du og alle som høyrer meg i dag, no eller seinare må verta som eg, men utan desse lekkjene.»

30. Så reiste dei seg, både kongen og landshovdingen og Berenike og dei andre som sat der.

31. Og medan dei gjekk ut, tala dei med kvarandre og sa: «Den mannen har ikkje gjort noko som han bør lata livet eller sitja i fengsel for.»

32. Og Agrippa sa til Festus:»Han kunne ha vorte sett fri, om han ikkje hadde anka til keisaren.»

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 26