Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 26:2-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

2. Eg held det for ei lukke at det er framfor deg, kong Agrippa, eg i dag skal forsvara meg mot alt det som jødar skuldar meg for,

3. sidan du kjenner så vel alle skikkar og stridsspørsmål hjå jødane. Difor bed eg deg at du vil høyra på meg med tolmod.

4. Heilt frå barndomen har eg butt mellom folket mitt og i Jerusalem, og alle jødar kjenner til korleis livet mitt har vore.

5. Difor veit dei òg, om dei berre vil seia det, at eg frå fyrste stund har levt som farisear og vore av dei som tok det strengast med religionen vår.

6. Og no står eg her og skal dømast fordi eg set mi von til den lovnaden Gud gav fedrane våre,

7. den som det tolvætta folket vårt vonar å sjå oppfylt når dei ihuga dyrkar Gud natt og dag. For denne vona skuld, konge, fører jødar klagemål mot meg.

8. Kvifor held dei det for utruleg hjå dykk at Gud vekkjer opp att menneske som er døde?

9. Eg tykte sjølv ein gong at det var ei plikt å strida av all kraft mot namnet åt nasarearen Jesus.

10. Og det gjorde eg i Jerusalem. Eg fekk fullmakt frå overprestane og kasta mange av dei heilage i fengsel; og var det tale om å avretta dei, røysta eg for.

11. Rundt ikring i synagogene fekk eg dei ofte straffa for å tvinga dei til å spotta; og rasande som eg var, forfylgde eg dei heilt til byar i utlandet.

12. Medan dette stod på, fór eg ein gong til Damaskus med fullmakt og løyve frå overprestane.

13. På den ferda, konge, såg eg midt på dagen eit ljos, klårare enn sola; det kom frå himmelen og stråla rundt ikring meg og dei som var i lag med meg.

14. Vi stupte alle til jorda, og eg høyrde ei røyst som sa til meg på hebraisk: «Saul, Saul, kvifor forfylgjer du meg? Det vert hardt for deg å stampa mot brodden!»

15. «Kven er du, Herre?» spurde eg. Og Herren svara: «Eg er Jesus, han som du forfylgjer.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 26