Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 26:12-30 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. Medan dette stod på, fór eg ein gong til Damaskus med fullmakt og løyve frå overprestane.

13. På den ferda, konge, såg eg midt på dagen eit ljos, klårare enn sola; det kom frå himmelen og stråla rundt ikring meg og dei som var i lag med meg.

14. Vi stupte alle til jorda, og eg høyrde ei røyst som sa til meg på hebraisk: «Saul, Saul, kvifor forfylgjer du meg? Det vert hardt for deg å stampa mot brodden!»

15. «Kven er du, Herre?» spurde eg. Og Herren svara: «Eg er Jesus, han som du forfylgjer.

16. Men reis deg opp og stå på føtene dine! Eg har synt meg for deg fordi eg vil kåra deg til tenar og til vitne, både om det du har sett av meg og om det du sidan skal få sjå.

17. Eg skal fria deg ut frå folket ditt, og frå alle folkeslag som eg sender deg til.

18. Du skal opna augo deira, så dei vender om frå mørker til ljos, frå Satans makt til Gud; då skal dei få tilgjeving for syndene og arverett saman med dei som har vorte helga ved trua på meg.»

19. Difor, kong Agrippa, har eg ikkje vore ulydig mot det himmelske synet.

20. Men eg har forkynt, fyrst i Damaskus og Jerusalem, sidan i heile Judea og for andre folkeslag, at dei må gjera bot og venda om til Gud og gjera gjerningar som svarar til omvendinga.

21. Difor var det nokre jødar greip meg i templet og ville drepa meg.

22. Men til denne dag har Gud hjelpt meg, og no står eg her og vitnar for høg og låg, og eg seier ikkje anna enn det som profetane og Moses sa skulle henda:

23. at Messias skulle lida, at han skulle vera den fyrste som stod opp frå dei døde, og at han sidan skulle forkynna ljoset både for vårt folk og for folkeslaga.

24. Då han kom til desse orda i forsvarstalen, ropa Festus høgt: «Du er frå sans og samling, Paulus! Den store lærdomen din fører deg bort i vitløyse!»

25. Men Paulus svara: «Eg er ikkje frå vitet, vørde Festus; alt det eg seier, er sant og vel gjennomtenkt.

26. Kongen kjenner til desse tinga; difor talar eg så frihuga til han. Eg kan ikkje tru at noko av dette er ukjent for han; det har då ikkje gått føre seg i ein avkrok.

27. Trur du profetane, kong Agrippa? Eg veit at du trur.»

28. Då sa Agrippa til Paulus: «Det vantar lite på at du får overtalt meg til å verta ein kristen.»

29. Paulus svara: «Mitt ynske til Gud er at både du og alle som høyrer meg i dag, no eller seinare må verta som eg, men utan desse lekkjene.»

30. Så reiste dei seg, både kongen og landshovdingen og Berenike og dei andre som sat der.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 26