Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 25:5-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

5. «Så kan dei av dykk som har fullmakt til det,» sa han, «vera med og leggja fram klagemålet, om det då er noko gale med mannen.»

6. Han hadde ikkje vore der meir enn åtte-ti dagar, så fór han ned til Cæsarea. Dagen etter sette han seg i domarsetet og baud at Paulus skulle førast fram.

7. Straks han kom inn, stelte dei jødane som var komne ned frå Jerusalem, seg ikring han og kom med mange harde skuldingar, som dei ikkje kunne prova.

8. Paulus forsvara seg og sa: «Eg har ikkje på nokon måte forbrote meg, korkje mot lova åt jødane, mot templet eller mot keisaren.»

9. Festus ville gjerne gjera jødane til lags. Difor sa han til Paulus: «Er du viljug til å fara opp til Jerusalem og få saka avgjord der, med meg som domar?»

10. Men Paulus svara: «Eg står for domstolen åt keisaren, og her har eg rett til å få dom. Mot jødane har eg ingen urett gjort, det veit du godt.

11. Har eg gjort eit brotsverk, noko som eg lyt lata livet for, bed eg ikkje om å få sleppa å døy. Men er det ikkje noko i det som desse mennene klagar meg for, så kan ingen gje meg over til dei. Eg ankar saka mi inn for keisaren.»

12. Festus drøfte saka med rådgjevarane sine og sa frå: «Du har anka til keisaren; til keisaren skal du fara.»

13. Nokre dagar etter kom kong Agrippa og Berenike til Cæsarea og ville helsa på Festus.

14. Dei vart verande der ei tid, og så fortalde Festus kongen om saka til Paulus: «Det er ein mann her,» sa han, «som Feliks har late etter seg i fengslet.

15. Då eg kom til Jerusalem, møtte overprestane og dei eldste hjå jødane fram med klagemål mot han og bad om å få han dømd.

16. Eg svara at romarane ikkje har for vis å utlevera nokon som er klaga, før han har møtt klagarane og fått høve til å forsvara seg mot klagemålet.

17. Så kom dei saman her, og eg lét dei ikkje venta lenge; alt dagen etter sette eg meg i domarsetet og baud at mannen skulle førast fram.

18. Klagarane samla seg ikring han; men dei kom ikkje med skuldingar for brotsverk, som eg hadde tenkt meg.

19. Det var berre nokre spørsmål i deira eigen religion dei var usamde med han om, og om ein som heitte Jesus, som er død, men som Paulus meiner lever.

20. Eg visste ikkje korleis eg skulle ta ei sak som denne, og spurde om han kunne tenkja seg å fara til Jerusalem og få dom der.

21. Men Paulus anka og ville sitja i varetekt til keisaren kunne avgjera saka. Difor baud eg at han skulle verta sitjande til eg får sendt han til keisaren.»

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 25