Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 25:21-27 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

21. Men Paulus anka og ville sitja i varetekt til keisaren kunne avgjera saka. Difor baud eg at han skulle verta sitjande til eg får sendt han til keisaren.»

22. «Den mannen har eg òg hug til å høyra,» sa Agrippa. «I morgon skal du få høyra han,» svara Festus.

23. Dagen etter kom Agrippa og Berenike i full stas og steig inn i rettssalen saman med dei øvste offiserane og dei fremste mennene i byen. Festus sa frå at Paulus skulle hentast, og han vart ført inn.

24. Så tok Festus til ords og sa: «Kong Agrippa og alle de som er samla her! No ser de den mannen som har fått alle jødar til å venda seg til meg, både i Jerusalem og her. Dei ropar og krev at han ikkje skal få leva lenger.

25. Eg skjøna at han ikkje hadde gjort noko som han burde lata livet for. Men då han anka til keisaren, sette eg meg føre å senda han dit.

26. No har eg ikkje noko påliteleg å skriva til majesteten. Difor fører eg han fram for dykk, fyrst og fremst for deg, kong Agrippa, så eg etter forhøyret kan vita kva eg skal skriva.

27. For eg tykkjer det er meiningslaust å senda ein fange av stad utan å gjera greie for klagemålet mot han.»

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 25