Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 25:1-17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Tre dagar etter at Festus var komen til provinsen, drog han frå Cæsarea og opp til Jerusalem.

2. Overprestane og dei fremste av jødane møtte då fram hjå han med klagemål mot Paulus. Og dei bad han

3. gjera dei den tenesta å senda Paulus til Jerusalem; for dei ville leggja seg på lur og drepa han på vegen.

4. Men Festus svara at Paulus skulle haldast i varetekt i Cæsarea, og at han sjølv snart skulle attende dit.

5. «Så kan dei av dykk som har fullmakt til det,» sa han, «vera med og leggja fram klagemålet, om det då er noko gale med mannen.»

6. Han hadde ikkje vore der meir enn åtte-ti dagar, så fór han ned til Cæsarea. Dagen etter sette han seg i domarsetet og baud at Paulus skulle førast fram.

7. Straks han kom inn, stelte dei jødane som var komne ned frå Jerusalem, seg ikring han og kom med mange harde skuldingar, som dei ikkje kunne prova.

8. Paulus forsvara seg og sa: «Eg har ikkje på nokon måte forbrote meg, korkje mot lova åt jødane, mot templet eller mot keisaren.»

9. Festus ville gjerne gjera jødane til lags. Difor sa han til Paulus: «Er du viljug til å fara opp til Jerusalem og få saka avgjord der, med meg som domar?»

10. Men Paulus svara: «Eg står for domstolen åt keisaren, og her har eg rett til å få dom. Mot jødane har eg ingen urett gjort, det veit du godt.

11. Har eg gjort eit brotsverk, noko som eg lyt lata livet for, bed eg ikkje om å få sleppa å døy. Men er det ikkje noko i det som desse mennene klagar meg for, så kan ingen gje meg over til dei. Eg ankar saka mi inn for keisaren.»

12. Festus drøfte saka med rådgjevarane sine og sa frå: «Du har anka til keisaren; til keisaren skal du fara.»

13. Nokre dagar etter kom kong Agrippa og Berenike til Cæsarea og ville helsa på Festus.

14. Dei vart verande der ei tid, og så fortalde Festus kongen om saka til Paulus: «Det er ein mann her,» sa han, «som Feliks har late etter seg i fengslet.

15. Då eg kom til Jerusalem, møtte overprestane og dei eldste hjå jødane fram med klagemål mot han og bad om å få han dømd.

16. Eg svara at romarane ikkje har for vis å utlevera nokon som er klaga, før han har møtt klagarane og fått høve til å forsvara seg mot klagemålet.

17. Så kom dei saman her, og eg lét dei ikkje venta lenge; alt dagen etter sette eg meg i domarsetet og baud at mannen skulle førast fram.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 25