Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 21:25-40 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

25. Når det gjeld dei heidningkristne, har vi skrive til dei og sagt at dei skal halda seg frå offerkjøtet åt heidningane, frå blod, frå kjøt av strøypte dyr og frå hor.»

26. Dagen etter tok Paulus mennene med seg og lét seg reinsa saman med dei. Sidan gjekk han opp i templet og sa frå når reinsingsdagane var ute og offeret for kvar av dei skulle berast fram.

27. Då det leid mot slutten av dei sju dagane, fekk nokre jødar frå Asia sjå han på tempelplassen. Dei øste opp heile folkehopen, la hand på han

28. og skreik: «Israelittar, kom og hjelp! Her er den mannen som lærer alle, kvar han kjem, slikt som er imot folket og lova og denne staden. No har han jamvel teke grekarar med seg inn i templet og vanhelga denne heilage staden.»

29. For dei hadde alt sett Trofimus frå Efesos saman med han i byen, og så trudde dei at Paulus hadde teke han med seg til templet.

30. Uroa breidde seg over heile byen, og folk stima saman. Dei tok Paulus og drog han ut frå tempelplassen, og med det same vart portane stengde.

31. Dei heldt mest på å slå han i hel då kommandanten for garnisonen fekk melding om at heile Jerusalem var i ei røre.

32. Han tok straks med seg soldatar og offiserar og sprang ned til dei. Då dei såg kommandanten og soldatane, heldt dei opp med å slå Paulus.

33. Kommandanten gjekk bortåt; han lét mennene sine gripa Paulus, og baud at han skulle bindast med to lekkjer. Så spurde han kven han var, og kva han hadde gjort.

34. Men i folkehopen ropa somme eitt og somme noko anna, og då det var slikt ståk at han ikkje kunne få skikkeleg greie på noko som helst, baud han at Paulus skulle førast inn i borga.

35. Men då dei kom til troppa, trengde hopen så hardt på at soldatane laut bera han;

36. for heile folkemengda fylgde etter og skreik: «Drep han!»

37. Då dei skulle til å gå inn i borga, sa Paulus til kommandanten: «Får eg lov til å tala eit ord med deg?» Han svara: «Kan du gresk?

38. Så er du då ikkje den egyptaren som for ei tid sidan gjorde opprør og førte dei fire tusen knivstikkarane ut i øydemarka?»

39. «Eg er ein jøde,» sa Paulus, «og høyrer heime i Tarsus, denne velkjende byen i Kilikia. Eg bed deg: Lat meg få tala til folket!»

40. Det fekk han lov til, og Paulus steig fram på troppa og gav teikn med handa til folket. Då det vart heilt stilt, tala han til dei på hebraisk:

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 21