Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 21:20-31 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

20. Då dei høyrde det, lova dei Gud. Men så sa dei til han: «Du veit, bror, at mange tusen jødar er komne til tru, og alle held dei strengt på lova.

21. Men no har dei høyrt om deg at du lærer alle jødar som bur mellom heidningane, å venda seg frå Moses, og seier at dei ikkje skal omskjera borna sine og ikkje leva etter dei gamle skikkane.

22. Kva skal vi gjera? Alle kjem til å få høyra at du er komen.

23. Gjer no det vi seier deg. Her er fire menn som har bunde seg med ein lovnad.

24. Ta dei med deg, og lat deg reinsa saman med dei. Og ber du kostnaden for dette, så dei kan klyppa håret sitt. Då skjønar alle at det ikkje er noko i det dei har høyrt om deg, men at du òg lever så at du held lova.

25. Når det gjeld dei heidningkristne, har vi skrive til dei og sagt at dei skal halda seg frå offerkjøtet åt heidningane, frå blod, frå kjøt av strøypte dyr og frå hor.»

26. Dagen etter tok Paulus mennene med seg og lét seg reinsa saman med dei. Sidan gjekk han opp i templet og sa frå når reinsingsdagane var ute og offeret for kvar av dei skulle berast fram.

27. Då det leid mot slutten av dei sju dagane, fekk nokre jødar frå Asia sjå han på tempelplassen. Dei øste opp heile folkehopen, la hand på han

28. og skreik: «Israelittar, kom og hjelp! Her er den mannen som lærer alle, kvar han kjem, slikt som er imot folket og lova og denne staden. No har han jamvel teke grekarar med seg inn i templet og vanhelga denne heilage staden.»

29. For dei hadde alt sett Trofimus frå Efesos saman med han i byen, og så trudde dei at Paulus hadde teke han med seg til templet.

30. Uroa breidde seg over heile byen, og folk stima saman. Dei tok Paulus og drog han ut frå tempelplassen, og med det same vart portane stengde.

31. Dei heldt mest på å slå han i hel då kommandanten for garnisonen fekk melding om at heile Jerusalem var i ei røre.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 21