Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 21:1-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Då vi hadde rive oss laus frå dei, la vi frå land og siglde beint til Kos, dagen etter til Rhodos og derifrå til Patara.

2. Der fann vi eit skip som skulle over til Fønikia. Vi gjekk om bord og la ut att.

3. Då vi fekk Kypros i syne, heldt vi til høgre for øya og siglde mot Syria. I Tyrus la vi til lands; for der skulle skipet lossa.

4. Vi leita opp læresveinane og vart verande der i sju dagar. Drivne av Anden sa dei til Paulus at han ikkje måtte fara opp til Jerusalem.

5. Då vi hadde vore der dei dagane til endes, heldt vi fram på ferda. Alle fylgde oss ut or byen, med koner og born. På stranda bøygde vi kne og bad.

6. Sidan sa vi farvel til kvarandre; vi gjekk om bord i skipet, og dei vende heim att til seg.

7. Så fór vi frå Tyrus til Ptolemais og hadde då enda sjøferda. Vi helsa på brørne der og var ein dag hjå dei.

8. Dagen etter drog vi derifrå og kom til Cæsarea. Der tok vi inn hjå evangelisten Filip, ein av dei sju, og vart buande hjå han.

9. Han hadde fire ugifte døtrer som hadde profetgåve.

10. Som vi no drygde der nokre dagar, kom det ein profet som heitte Agabus, ned frå Judea.

11. Han kom til oss, tok beltet åt Paulus, batt hendene og føtene sine med det og sa: «Så seier Den Heilage Ande: Slik skal jødane i Jerusalem binda den mannen som eig dette beltet, og gje han i hendene på heidningane.»

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 21