Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 2:41-47 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

41. Dei som tok imot bodskapen hans, vart døypte, og den dagen vart om lag tre tusen lagde til kyrkjelyden.

42. Dei heldt trutt fast ved læra åt apostlane og ved samfunnet, brødsbrytinga og bønene.

43. Det kom otte over dei alle, og mange var dei under og teikn apostlane gjorde.

44. Alle som var komne til tru, heldt saman og hadde alt i lag.

45. Dei selde eigedomane sine og anna gods og delte ut til alle etter som kvar trong det.

46. Dei heldt saman, og kvar dag samla dei seg trufast på tempelplassen; i heimane braut dei brødet, og dei åt i lag med ekte og inderleg glede.

47. Dei lova Gud og var godt lika av alt folket. Og Herren la dagleg til kyrkjelyden dei som lét seg frelsa.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 2