Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 2:24-36 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

24. Men Gud reiste han opp att og lét døden gje han frå seg. Døden kunne ikkje halda på han.

25. For David seier om han:Alltid hadde eg augo vende ¬mot Herren,for han er ved mi høgre side,så eg ikkje skal rikkast.

26. Difor var det glede i mitt hjartaog jubel på mi tunge,ja, jamvel lekamen ¬skal bu med von.

27. ¬For du skal ikkje la mi sjelverta verande i dødsriketog ikkje la din Heilage ¬gå til grunne.

28. Du har lært meg livsens vegar,og du skal fylla meg med glede ¬for ditt åsyn.

29. Brør, lat meg tala ope og endefram til dykk om David, ættefaren vår. Han døydde og vart gravlagd, og grava hans er hjå oss den dag i dag.

30. Men han var ein profet og visste at Gud med eid hadde lova å setja ein av hans eigne etterkomarar på kongsstolen hans.

31. Difor såg han inn i framtida og tala om at Messias skulle stå opp. Det var han som ikkje skulle verta verande i dødsriket, og det var lekamen hans som ikkje skulle gå til grunne.

32. Denne Jesus var det Gud reiste opp, det er vi alle vitne om.

33. Han vart opphøgd til Guds høgre hand og fekk av Faderen Den Heilage Ande, som var lova, og den har han rent ut. Det er dette de ser og høyrer.

34. For David fór ikkje opp til himmelen; men han seier:Herren sa til min herre:Set deg ved mi høgre hand

35. til eg får lagt dine fiendartil skammel for dine føter!

36. Så skal heile Israels-folket vita for visst: Denne Jesus som de krossfeste, han har Gud gjort både til Herre og Messias.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 2