Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 2:10-24 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. Frygia og Pamfylia, frå Egypt og Libya-landet bort imot Kyréne,

11. jødar og slike som har gått over til jødedomen og har flytt hit frå Roma, kretarar og arabarar – og vi høyrer dei tala om Guds storverk på våre eigne tungemål!»

12. Dei visste ikkje kva dei skulle tru, og rådville spurde dei kvarandre: «Kva kan dette vera?»

13. Men nokre spotta og sa: «Dei har drukke søt vin! Dei er fulle!»

14. Då steig Peter fram saman med dei elleve, tok til ords og tala til dei:Jødiske menn og alle de som bur i Jerusalem! Lat meg få seia dykk kva dette er. Lyd vel etter orda mine!

15. Desse mennene er ikkje drukne, som de trur. Det er då berre tredje timen på dagen.

16. Men dette er det som er sagt gjennom profeten Joel:

17. I dei siste dagar skal det henda, ¬seier Gud,at eg renner ut min Ande ¬over alle menneske.Sønene og døtrene dykkar ¬skal tala profetord,dei unge mennene ¬skal sjå syner,og dei gamle mellom dykk ¬skal ha draumar.

18. Jamvel over trælane ¬og trælkvinnene minevil eg renna ut min Ande ¬i dei dagar,og dei skal tala profetisk.

19. Eg lèt teikn syna seg ¬oppe på himmelenog teikn nede på jorda:blod og eld og røykskyer.

20. Sola skal mørkjastog månen verta som blod,før Herrens dag kjem, ¬den store og strålande.

21. Og kvar den som kallar ¬på Herrens namn,skal verta frelst.

22. Høyr desse ord, de israelittar! Jesus frå Nasaret var ein mann som Gud peika ut for dykk med mektige gjerningar og under og teikn, som Gud lét han gjera mellom dykk, og som de kjenner til.

23. Han vart gjeven i dykkar hand så som Gud føreåt hadde fastsett og visste om, og de lét menn som ikkje kjenner Guds lov, nagla han til krossen og drepa han.

24. Men Gud reiste han opp att og lét døden gje han frå seg. Døden kunne ikkje halda på han.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 2