Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 19:9-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. Men det var nokre som gjorde seg harde og ikkje ville tru; dei lasta «vegen» medan alle høyrde på. Då braut Paulus med dei og fekk læresveinane til å halda seg borte frå dei, og sidan hadde han kvar dag samtalar i Tyrannus-skulen.

10. Dette heldt han fram med i to år, så alle som budde i Asia, både jødar og grekarar, fekk høyra Herrens ord.

11. Gud gav Paulus kraft til å gjera uvanlege under.

12. Det hende jamvel at folk tok lommeplagg og arbeidsklede som han hadde hatt på seg, og la på dei sjuke. Då sleppte sjukdomen taket, og dei vonde åndene fór ut.

13. Nokre jødar som fór ikring og dreiv med åndemaning, freista òg å nemna namnet åt Herren Jesus over dei som hadde vonde ånder i seg, og sa: «Eg manar dykk ved den Jesus som Paulus forkynner.»

14. Den jødiske øvstepresten Skevas hadde sju søner som dreiv på med dette.

15. Men den vonde ånda svara dei: «Jesus kjenner eg, og Paulus veit eg om. Men kven er de?»

16. Og mannen som den vonde ånda var i, flaug på dei, vann over dei alle og skamfór dei, så dei nakne og såra laut røma or huset.

17. Dette vart kjent for alle som budde i Efesos, både jødar og grekarar; det kom otte på dei alle, og Herren Jesu namn vart høglova.

18. Mange av dei truande kom og skrifta og fortalde kva dei hadde gjort.

19. Og mange av dei som hadde fare med svartekunster, kom med bøkene sine og brende dei medan alle såg på. Dei rekna ut kva bøkene var verde, og kom til at det var 50 000 sølvpengar.

20. Såleis hadde Herrens ord sterk framgang og fekk stor makt.

21. Då alt dette var fullført, sette Paulus seg føre å fara gjennom Makedonia og Akaia og heilt til Jerusalem. Og han sa: «Når eg har vore der, må eg vitja Roma òg.»

22. Så sende han to av hjelpesmennene sine, Timoteus og Erastus, til Makedonia; sjølv drygde han endå ei tid i Asia.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 19