Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 19:26-40 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

26. Men no kan de både sjå og høyra korleis denne Paulus overtel menneske i store mengder og fører dei vilt, ikkje berre her i Efesos, men i mest heile Asia. Han seier at gudar som er laga av menneskehender, ikkje er gudar.

27. Det er ikkje berre fare for at yrket vårt får ringt ord på seg, men verre er det at templet til Artemis, den store gudinna vår, kan verta rekna for inkje, og at ho som heile Asia, ja, heile verda dyrkar, kan koma til å missa sitt velde.»

28. Då dei høyrde det, vart dei rasande og ropa: «Stor er Artemis, efesargudinna!»

29. Uroa breidde seg over heile byen, og alle som ein storma av stad til teatret og drog med seg Gaius og Aristark, to makedonarar som hadde fylgt Paulus på ferda.

30. Paulus ville gå inn i folkehopen, men læresveinane hindra han.

31. Nokre av rådsherrane for Asia-provinsen, som var venene hans, sende bod til han at han ikkje måtte våga seg inn i teatret.

32. Dei ropa og skreik i munnen på kvarandre, for heile folkehopen var i ei røre, og dei fleste visste ikkje eingong kva dei hadde kome saman for.

33. Då skuva jødane fram ein mann som heitte Aleksander, og nokre i flokken sette han inn i saka. Aleksander gjorde teikn med handa og ville halda ein forsvarstale til folket.

34. Men då dei skjøna at han var jøde, skreik dei alle i kor i to samfulle timar: «Stor er Artemis, efesargudinna!»

35. Til sist greidde byskrivaren å roa folkehopen og sa: «Efesarar, finst det noko menneske som ikkje veit at efesarbyen er sett til å ta vare på templet åt den store Artemis og biletet hennar, det som har falle ned frå himmelen?

36. Dette kan ingen nekta, og difor bør de no vera rolege og ikkje fara for brått fram.

37. No har de ført hit desse mennene som korkje er tempelranarar eller har spotta gudinna vår.

38. Vil Demetrius og handverkarane hans reisa sak mot nokon, så har vi dei vanlege rettsmøta, og vi har våre fylkeshovdingar; partane kan stemna kvarandre for retten.

39. Og har de noko anna å krevja, skal det verta avgjort på det lovlege folketinget.

40. Etter det som har hendt i dag, kan vi lett verta klaga for opprør. Og vi har ingen ting å visa til når vi vert kravde til rekneskap for dette oppstyret.» Med så sagt fekk han folkehopen til å skiljast.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 19