Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 19:15-25 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

15. Men den vonde ånda svara dei: «Jesus kjenner eg, og Paulus veit eg om. Men kven er de?»

16. Og mannen som den vonde ånda var i, flaug på dei, vann over dei alle og skamfór dei, så dei nakne og såra laut røma or huset.

17. Dette vart kjent for alle som budde i Efesos, både jødar og grekarar; det kom otte på dei alle, og Herren Jesu namn vart høglova.

18. Mange av dei truande kom og skrifta og fortalde kva dei hadde gjort.

19. Og mange av dei som hadde fare med svartekunster, kom med bøkene sine og brende dei medan alle såg på. Dei rekna ut kva bøkene var verde, og kom til at det var 50 000 sølvpengar.

20. Såleis hadde Herrens ord sterk framgang og fekk stor makt.

21. Då alt dette var fullført, sette Paulus seg føre å fara gjennom Makedonia og Akaia og heilt til Jerusalem. Og han sa: «Når eg har vore der, må eg vitja Roma òg.»

22. Så sende han to av hjelpesmennene sine, Timoteus og Erastus, til Makedonia; sjølv drygde han endå ei tid i Asia.

23. På den tid vart det eit stort oppstyr om Herrens veg.

24. Ein sølvsmed som heitte Demetrius, laga Artemis-tempel av sølv og hjelpte handverkarane til god inntekt.

25. Ein dag kalla han saman både dei og arbeidarane som dreiv med dette, og sa: «Godt folk! De veit at velstanden vår kjem frå dette arbeidet.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 19