Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 19:1-10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Medan Apollos var i Korint, drog Paulus gjennom innlandet og kom til Efesos. Der møtte han nokre læresveinar

2. og spurde dei: «Fekk de Den Heilage Ande då de kom til tru?» «Nei,» svara dei, «vi har ikkje eingong høyrt at det er nokon Heilag Ande.»

3. «Kva dåp vart de då døypte med?» spurde han. «Med Johannes-dåpen,» svara dei.

4. Då sa Paulus: «Dåpen åt Johannes var ein omvendingsdåp, og medan han døypte, sa han til folket at dei skulle tru på den som kom etter han, og det er Jesus.»

5. Då dei høyrde det, lét dei seg døypa til namnet åt Herren Jesus.

6. Og då Paulus la hendene på dei, kom Den Heilage Ande over dei, og dei tala i tunger, og dei tala profetisk.

7. Det var om lag tolv menn i alt.

8. Sidan gjekk han til synagoga, og der tala han med stort frimod i tre månader; han samtala med folk og overtydde dei om Guds rike.

9. Men det var nokre som gjorde seg harde og ikkje ville tru; dei lasta «vegen» medan alle høyrde på. Då braut Paulus med dei og fekk læresveinane til å halda seg borte frå dei, og sidan hadde han kvar dag samtalar i Tyrannus-skulen.

10. Dette heldt han fram med i to år, så alle som budde i Asia, både jødar og grekarar, fekk høyra Herrens ord.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 19