Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 17:21-34 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

21. For korkje atenarane sjølve eller utlendingane som budde der, gav seg tid til anna enn å fortelja og spørja nytt.

22. Då steig Paulus fram midt på Areopagos og sa:Atenske menn! Eg ser at de på alle måtar er svært religiøse.

23. For då eg gjekk ikring og såg på heilagdomane dykkar, fann eg eit altar der det stod skrive: «For ein ukjend Gud». Det som de tilbed utan å kjenna det, det er det eg forkynner dykk.

24. Gud som har skapt verda og alt som i henne er, han som er herre over himmel og jord, han bur ikkje i tempel som er bygde med hender,

25. og lèt seg ikkje tena av menneskehender, som om han skulle trenga noko, han som gjev alle liv og ande og alle ting.

26. Han lét alle folkeslag, som er ætta frå eitt menneske, busetja seg over heile jorda, og han sette faste tider for dei og grenser mellom bustadene deira.

27. Det gjorde han for at dei skulle leita etter Gud, om det kunne lukkast for dei å kjenna seg fram til han og finna han, endå han ikkje er langt borte frå nokon av oss.

28. For i han er det vi lever og rører oss og er til, som òg nokre av dykkar eigne diktarar har sagt: «For vi er hans ætt.»

29. Er vi då Guds ætt, så må vi ikkje tru at guddomen liknar eit bilete av gull eller sølv eller stein, som menneskekunst eller mennesketanke har forma.

30. Til denne tid har Gud hatt tol med vankunna; men no byd han at alle menneske, kvar dei så er, skal venda om.

31. For han har fastsett ein dag då han vil døma verda med rettferd, og til det har han etla ein mann. Det har han prova for alle med å reisa han opp frå dei døde.

32. Men då dei høyrde at døde menneske skulle stå opp att, var det somme som spotta; men andre sa: «Vi vil gjerne høyra meir av deg om dette ein annan gong.»

33. Så gjekk Paulus frå dei.

34. Men det var nokre som heldt seg til han og kom til tru. Mellom dei var Dionysios, ein av Areopagos-domarane, og ei kvinne som heitte Damaris, og nokre andre.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 17