Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 17:15-29 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

15. Dei som fylgde Paulus, var med han til Aten og fór så heim att med det bodet til Silas og Timoteus at dei skulle koma til han snarast råd.

16. Medan Paulus venta på dei i Aten, vart han harm i hugen då han såg at byen var overfylt med gudebilete.

17. I synagoga tala han med jødane og med dei som trudde på Gud, og på torget tala han kvar dag med dei han råka.

18. Nokre epikureiske og stoiske filosofar gav seg i ordskifte med han, og somme sa: «Kva kan han vel meina, denne pratmakaren?» Andre sa: «Det er likt til at han forkynner framande gudar.» Det var fordi han forkynte evangeliet om Jesus og oppstoda.

19. Så tok dei Paulus med seg opp på Areopagos og sa: «Kan vi få vita kva slag ny lære det er du kjem med?

20. Det er då underlege ting du lèt oss få høyra; difor ville vi gjerne få vita korleis det kan ha seg med dette.»

21. For korkje atenarane sjølve eller utlendingane som budde der, gav seg tid til anna enn å fortelja og spørja nytt.

22. Då steig Paulus fram midt på Areopagos og sa:Atenske menn! Eg ser at de på alle måtar er svært religiøse.

23. For då eg gjekk ikring og såg på heilagdomane dykkar, fann eg eit altar der det stod skrive: «For ein ukjend Gud». Det som de tilbed utan å kjenna det, det er det eg forkynner dykk.

24. Gud som har skapt verda og alt som i henne er, han som er herre over himmel og jord, han bur ikkje i tempel som er bygde med hender,

25. og lèt seg ikkje tena av menneskehender, som om han skulle trenga noko, han som gjev alle liv og ande og alle ting.

26. Han lét alle folkeslag, som er ætta frå eitt menneske, busetja seg over heile jorda, og han sette faste tider for dei og grenser mellom bustadene deira.

27. Det gjorde han for at dei skulle leita etter Gud, om det kunne lukkast for dei å kjenna seg fram til han og finna han, endå han ikkje er langt borte frå nokon av oss.

28. For i han er det vi lever og rører oss og er til, som òg nokre av dykkar eigne diktarar har sagt: «For vi er hans ætt.»

29. Er vi då Guds ætt, så må vi ikkje tru at guddomen liknar eit bilete av gull eller sølv eller stein, som menneskekunst eller mennesketanke har forma.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 17