Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 15:8-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. Og Gud som kjenner alle hjarto, synte at han godtok dei, då dei fekk Den Heilage Ande liksom vi.

9. Han gjorde ikkje i nokon måte skil på oss og dei; for ved trua reinsa han hjarto deira.

10. Kvifor vil de då freista Gud og leggja eit åk på nakken åt læresveinane som korkje fedrane våre eller vi orka å bera?

11. Nei, det er ved Herren Jesu nåde vi trur at vi vert frelste, vi liksom dei.»

12. Då tagna heile flokken, og dei høyrde på Barnabas og Paulus, som fortalde om alle dei teikn og under Gud hadde late dei gjera mellom heidningane.

13. Då dei hadde tala, tok Jakob til ords og sa: «Brør, høyr på meg!

14. Simeon har gjort det klårt korleis Gud for lenge sidan sytte for å vinna seg eit folk av heidningar som skal æra hans namn.

15. Og dette er i samsvar med det profetane har sagt, som skrive står:

16. Sidan vil eg koma attog reisa Davids falne hytte.Det som er nedrive, ¬byggjer eg opp;eg reiser det på nytt,

17. så alle andre menneske ¬kan søkja Herren,alle folkeslag som mitt namn ¬er nemnt over.Så seier Herren som gjer dette,

18. det som er kjent ¬frå æve av.

19. Difor meiner eg at vi ikkje skal laga vanskar for dei heidningane som vender om til Gud.

20. Men vi skal skriva til dei at dei skal halda seg frå det som er sulka med avgudsdyrking, frå hor, frå kjøt av dyr som er strøypte, og frå blod.

21. For Moses har frå gamal tid i alle byar hatt dei som forkynner han; kvar sabbat vert han opplesen i synagogene.»

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 15