Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 15:31-41 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

31. Dei las det og vart glade for den trøysta det gav.

32. Judas og Silas, som sjølve var profetar, tala ofte til brørne, sette mot i dei og styrkte dei.

33. Då dei hadde vore der ei tid, lét brørne dei fara heim att og ynskte dei lukke på ferda.

34. Men Silas rådde seg til å vera att.

35. Men Paulus og Barnabas gav seg til i Antiokia og lærte og forkynte Herrens ord saman med mange andre.

36. Då det leid av ei tid, sa Paulus til Barnabas: «Lat oss fara attende og vitja brørne i alle dei byane der vi har forkynt Herrens ord, og sjå korleis det går dei.»

37. Barnabas ville ta Johannes med, han som dei kalla Markus.

38. Men Paulus meinte at dei ikkje skulle ta han med, han som hadde skilt lag med dei i Pamfylia og ikkje hadde fylgt dei i arbeidet deira.

39. Det vart ein kvass strid mellom dei, og dei skildest frå kvarandre. Barnabas tok Markus med seg og siglde til Kypros.

40. Men Paulus valde Silas til fylgjesvein, og då brørne hadde gjeve han over til Herrens nåde, drog han av stad.

41. Han la vegen gjennom Syria og Kilikia og styrkte kyrkjelydane der.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 15