Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 15:1-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Så kom det nokre ned frå Judea og tok til å læra brørne: «Dersom de ikkje fylgjer den skikken vi har frå Moses, og lèt dykk omskjera, kan de ikkje verta frelste.»

2. Paulus og Barnabas kom i strid med dei, og det vart eit kvast ordskifte. Då vart det vedteke at Paulus og Barnabas og nokre av dei andre skulle fara opp til Jerusalem og leggja spørsmålet fram for apostlane og dei eldste.

3. Kyrkjelyden sende dei av stad, og dei drog gjennom Fønikia og Samaria. Og kvar dei kom, fortalde dei korleis heidningane hadde vendt om, og med det gjorde dei brørne ei stor glede.

4. Då dei kom fram til Jerusalem, vart dei mottekne av kyrkjelyden, apostlane og dei eldste, og dei fortalde om kor store ting Gud hadde gjort ved dei.

5. Då reiste det seg nokre frå farisearflokken som hadde teke trua, og sa: «Dei lyt omskjerast og påleggjast å halda Moselova.»

6. Apostlane og dei eldste kom då saman og drøfte dette,

7. og det vart eit hardt ordskifte. Då reiste Peter seg og sa til dei: «Brør, de veit at Gud for lenge sidan valde ut ein av dykk; han ville at heidningane av min munn skulle få høyra evangelieordet og koma til tru.

8. Og Gud som kjenner alle hjarto, synte at han godtok dei, då dei fekk Den Heilage Ande liksom vi.

9. Han gjorde ikkje i nokon måte skil på oss og dei; for ved trua reinsa han hjarto deira.

10. Kvifor vil de då freista Gud og leggja eit åk på nakken åt læresveinane som korkje fedrane våre eller vi orka å bera?

11. Nei, det er ved Herren Jesu nåde vi trur at vi vert frelste, vi liksom dei.»

12. Då tagna heile flokken, og dei høyrde på Barnabas og Paulus, som fortalde om alle dei teikn og under Gud hadde late dei gjera mellom heidningane.

13. Då dei hadde tala, tok Jakob til ords og sa: «Brør, høyr på meg!

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 15