Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 14:17-27 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

17. men han lét velgjerningar vitna om seg. Frå himmelen sende han dykk regn og grøde i rett tid, han gav dykk føde og fylte hjarto dykkar med glede.»

18. Såleis tala dei, men det var berre så vidt dei greidde å hindra folket i å ofra til seg.

19. Men så kom det nokre jødar dit frå Antiokia og Ikonium. Dei fekk folket på si side, og så steina dei Paulus og drog han ut or byen; for dei trudde han var død.

20. Men læresveinane slo ring om han, og han reiste seg opp og gjekk inn i byen. Dagen etter tok han ut og fór saman med Barnabas til Derbe.

21. Dei forkynte evangeliet der i byen og vann mange læresveinar. Så reiste dei attende til Lystra og Ikonium, og derifrå til Antiokia.

22. Og kvar dei kom, styrkte dei læresveinane og oppmoda dei til å vera faste i trua og sa: «Vi må gå inn i Guds rike gjennom mange trengsler.»

23. I kvar kyrkjelyd valde dei ut eldste åt dei, og gav dei med bøn og faste over til Herren som dei trudde på.

24. Så drog dei gjennom Pisidia og kom til Pamfylia.

25. Dei forkynte Ordet i Perge og fór så ned til Attalia.

26. Derifrå siglde dei til Antiokia, den staden der dei vart overgjevne til Guds nåde, då dei skulle gå i gang med det verket dei no hadde fullført.

27. Då dei kom dit, samla dei kyrkjelyden og fortalde om kor store ting Gud hadde gjort gjennom dei, og at han hadde opna ei dør til tru for heidningane.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 14