Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 14:1-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. I Ikonium fór dei fram på same vis: Dei gjekk inn i den jødiske synagoga, og dei tala såleis at ei stor mengd jødar og grekarar kom til tru.

2. Men dei jødane som ikkje ville tru, eggja opp heidningane og sette dei opp mot brørne.

3. Likevel vart dei verande der ei tid, og tala med frimod i tillit til Herren, og han vitna for sitt nådeord med teikn og under som han gav dei makt til å gjera.

4. Folket i byen delte seg; somme heldt med jødane, somme med apostlane.

5. Men så hende det at både heidningane og jødane med styresmennene sine sette seg føre å skamfara dei og steina dei.

6. Og då dei skjøna at det var meininga, rømde dei til Lykaonia, til byane Lystra og Derbe og bygdene der ikring.

7. Der forkynte dei evangeliet.

8. I Lystra var det ein mann som var lam i føtene. Han hadde vore vanfør frå han var fødd, og hadde aldri kunna gå.

9. Denne mannen høyrde ofte på Paulus når han tala. Ein gong feste Paulus augo på han, og då han skjøna at mannen hadde tru så han kunne verta lækt,

10. sa han med høg røyst: «Reis deg og stå på føtene dine!» Då spratt han opp og gjekk ikring.

11. Då folket såg kva Paulus hadde gjort, sette dei i og ropa på lykaonisk: «Gudane har vorte menneske og stige ned til oss!»

12. Og dei kalla Barnabas for Zevs og Paulus for Hermes, sidan det var han som førte ordet.

13. Presten i Zevs-templet tett utanfor byen kom til byporten med oksar og blomekransar og ville ofra saman med folket.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 14