Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 13:22-40 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

22. Men Gud tok riket frå han og gjorde David til kongen deira. Han fekk dette vitnemålet av Gud: Eg har funne David, son til Isai, ein mann som er etter mitt hjarta; han kjem til å gjera alt det eg vil.

23. I hans ætt lét Gud ein frelsar for Israel stiga fram, så som han hadde lova; det er Jesus.

24. Før han kom, hadde Johannes forkynt omvendingsdåp for heile Israels-folket.

25. Og då Johannes mest hadde fullført livsverket sitt, sa han: «Eg er ikkje den de held meg for å vera. Men etter meg kjem det ein som eg ikkje er verdig til å løysa skorne av.»

26. Brør, både de som er av Abrahams ætt, og de andre som trur på Gud, det var til oss ordet om denne frelsa vart sendt.

27. For dei som bur i Jerusalem, og leiarane deira kjende han ikkje, men dømde han og oppfylte med det dei profetord som vert lesne kvar sabbat.

28. Dei fann ikkje noko som dei kunne døma han til døden for, men kravde at Pilatus skulle rydja han or vegen.

29. Og då dei hadde fullført alt det som er skrive om han, tok dei han ned frå krossen og la han i ei grav.

30. Men Gud reiste han opp frå dei døde,

31. og sidan synte han seg mange dagar for dei som hadde fylgt han frå Galilea opp til Jerusalem, dei som no er hans vitne for folket.

32. Og no kjem vi til dykk med den glade bodskapen, at den lovnaden som vart gjeven til fedrane våre,

33. den har Gud oppfylt for oss, borna deira, då han reiste opp Jesus. Så står det òg skrive i den andre salmen:Du er son min,eg har født deg i dag.

34. Men at Gud reiste han opp frå dei døde så han aldri meir skal gå til grunne, det har han sagt med desse orda: Eg vil oppfylla for dykk dei heilage og ubrytelege lovnadene som David fekk.

35. Og ein annan stad seier han: Du skal ikkje la din Heilage gå til grunne.

36. David var ein tenar for Guds plan så lenge han levde. Så døydde han og vart gravlagd hjå fedrane sine. Han gjekk til grunne.

37. Men han som Gud reiste opp, gjekk ikkje til grunne.

38. Så skal de då vita, brør, at ved han vert det forkynt dykk forlating for syndene. Alt det som de ikkje kunne verta frikjende for ved Moselova,

39. det vert kvar den som trur, frikjend for ved han.

40. Ta dykk i vare, så det ikkje skal koma over dykk, det som er sagt av profetane:

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 13