Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 13:17-29 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

17. Han som er Gud åt Israels-folket, valde ut fedrane våre. Han gjorde dei til eit stort folk då dei var innflyttarar i Egypt, og med opplyft arm førte han dei ut derifrå.

18. I om lag førti år sytte han for dei i øydemarka.

19. Han øydde ut sju folk i Kanaan og lét dei få landet deira til odel og eige.

20. Dette gjekk føre seg i om lag fire hundre og femti år. Sidan gav han dei domarar; den siste av dei var profeten Samuel.

21. Så bad dei om ein konge, og Gud gav dei Saul, son til Kisj, ein mann av Benjamins-ætta, og han var konge i førti år.

22. Men Gud tok riket frå han og gjorde David til kongen deira. Han fekk dette vitnemålet av Gud: Eg har funne David, son til Isai, ein mann som er etter mitt hjarta; han kjem til å gjera alt det eg vil.

23. I hans ætt lét Gud ein frelsar for Israel stiga fram, så som han hadde lova; det er Jesus.

24. Før han kom, hadde Johannes forkynt omvendingsdåp for heile Israels-folket.

25. Og då Johannes mest hadde fullført livsverket sitt, sa han: «Eg er ikkje den de held meg for å vera. Men etter meg kjem det ein som eg ikkje er verdig til å løysa skorne av.»

26. Brør, både de som er av Abrahams ætt, og de andre som trur på Gud, det var til oss ordet om denne frelsa vart sendt.

27. For dei som bur i Jerusalem, og leiarane deira kjende han ikkje, men dømde han og oppfylte med det dei profetord som vert lesne kvar sabbat.

28. Dei fann ikkje noko som dei kunne døma han til døden for, men kravde at Pilatus skulle rydja han or vegen.

29. Og då dei hadde fullført alt det som er skrive om han, tok dei han ned frå krossen og la han i ei grav.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 13