Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 13:1-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. I kyrkjelyden i Antiokia var det nokre profetar og lærarar; der var Barnabas og Simeon, som dei kalla Niger, Lukius frå Kyréne, Manaen, fosterbror til Herodes, fylkeskongen, og Saulus.

2. Ein gong medan dei heldt gudsteneste og fasta, sa Den Heilage Ande: «Ta ut Barnabas og Saulus åt meg, og lat dei gå til den gjerning eg har kalla dei til!»

3. Då heldt dei faste og bøn, la så hendene på dei og lét dei fara.

4. Dei som såleis var utsende av Den Heilage Ande, fór fyrst ned til Seleukia, og derifrå siglde dei til Kypros.

5. Då dei var komne til Salamis, forkynte dei Guds ord i dei jødiske synagogene. Johannes var med og hjelpte dei.

6. Dei fór tvert over øya, heilt til Pafos. Der råka dei på ein jødisk trollmann, ein falsk profet som heitte Barjesus.

7. Han heldt til hjå fylkeshovdingen Sergius Paulus. Det var ein vitug mann, og han bad Barnabas og Saulus til seg av di han gjerne ville høyra Guds ord.

8. Men Elymas, trollmannen – som namnet hans tyder – stod dei imot og freista å få fylkeshovdingen bort frå trua.

9. Då vart Saulus, som òg heittePaulus, fylt av Den Heilage Ande. Han såg kvast på trollmannen

10. og sa: «Du djevelens son, full av allslags svik og vondskap og fiende av all rettferd! Skal du aldri halda opp med å gjera Herrens beine vegar krokete?

11. No legg Herren si hand på deg: Du skal vera blind ei tid og ikkje sjå sola.» I same stunda vart det svart for augo hans, og han trivla seg fram og leita etter einkvan som kunne leia han.

12. Då fylkeshovdingen såg det som hadde hendt, undra han seg storleg over Herrens lære og kom til tru.

13. Så siglde dei av stad, Paulus og dei som var med han, og fór frå Pafos til Perge i Pamfylia. Der skilde Johannes lag med dei og drog attende til Jerusalem.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 13