Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 11:1-16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Apostlane og dei brørne som heldt til rundt ikring i Judea, fekk høyra at heidningane òg hadde teke imot Guds ord.

2. Og då Peter kom opp til Jerusalem, klandra dei omskorne han

3. og sa: «Du har gått inn i huset til folk som ikkje er omskorne og ete saman med dei.»

4. Då tok Peter til ords og greidde ut for dei alt frå fyrst til sist:

5. Eg var i Jaffa, sa han, og medan eg bad, kom det ei bortrykking på meg, og eg hadde eit syn. Eg såg noko koma dalande ned; det såg ut som ein stor duk som vart firt ned frå himmelen etter dei fire hjørna, og det kom heilt ned til meg.

6. Eg feste augo på det og såg vel etter, og då fekk eg sjå dei firføtte dyra på jorda, dei ville dyra, krypdyra og fuglane som flyg under himmelen.

7. Og eg høyrde ei røyst som sa til meg: «Stå opp, Peter! Slakt og et!»

8. «Nei, nei, Herre!» svara eg, «aldri har det kome noko vanheilagt eller ureint i min munn.»

9. Då lydde røysta frå himmelen andre gongen: «Det som Gud har lyst reint, skal ikkje du halda for ureint.»

10. Dette hende tre gonger, og så vart alt teke opp att til himmelen.

11. I det same stod det tre menn utanfor det huset eg budde i; dei var sende til meg frå Cæsarea.

12. Og Anden sa til meg at eg skulle gå med dei utan å tvika. Desse seks brørne vart òg med. Då vi kom inn i huset til mannen,

13. fortalde han oss korleis han hadde sett ein engel som stod i huset hans og sa: «Send bod til Jaffa etter Simon som har tilnamnet Peter!

14. Han skal tala ord til deg som skal verta til frelse for deg og alle dine.»

15. Eg hadde ikkje før teke til å tala, før Den Heilage Ande fall på dei liksom på oss den fyrste tida.

16. Då kom eg i hug Herrens ord, at han sa: «Johannes døypte med vatn, men de skal døypast med Den Heilage Ande.»

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 11