Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 10:8-20 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. Han fortalde dei kva som hadde hendt, og sende dei så av stad til Jaffa.

9. Dagen etter, medan dei var på vegen og ikkje hadde langt att til byen, gjekk Peter opp på taket og ville be; det var ikring den sjette timen.

10. Då vart han svolten og ville få seg mat. Medan dei laga til maten, kom det ei bortrykking på han,

11. og han såg himmelen open og noko koma dalande ned; det såg ut som ein stor duk som vart firt ned på jorda etter dei fire hjørna.

12. I duken var det alle slag dyr som lever på jorda, firføtte dyr og krypdyr, og alle slag fuglar som flyg under himmelen.

13. Og det kom ei røyst som sa: «Stå opp, Peter! Slakt og et!»

14. «Nei, nei, Herre!» svara Peter, «aldri har eg ete noko vanheilagt eller ureint.»

15. Då tala røysta til han andre gongen: «Det som Gud har lyst reint, skal ikkje du halda for ureint.»

16. Dette hende tre gonger, og så vart duken teken opp att til himmelen.

17. Som no Peter var rådvill og ikkje visste kva det skulle tyda, det synet han hadde hatt, kom mennene frå Kornelius. Dei hadde spurt seg fram til huset hans Simon, og no stod dei utfor porten.

18. Dei ropa inn og spurde om Simon, han som hadde tilnamnet Peter, budde der.

19. Og medan Peter endå grunda på synet, sa Anden til han: «Her er tre menn som spør etter deg.

20. Skunda deg og gå ned! Du skal fylgja dei utan å tvika; for det er eg som har sendt dei.»

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 10