Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 10:23-36 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

23. Så bad Peter dei inn, og dei var gjestene hans.Dagen etter tok han av stad saman med dei, og nokre av brørne frå Jaffa fylgde med.

24. Andre dagen nådde dei til Cæsarea. Kornelius venta dei og hadde bede saman slektningane og dei beste venene sine.

25. Som no Peter skulle gå inn, kom Kornelius imot han, kasta seg ned for føtene hans og tilbad han.

26. Men Peter reiste han opp og sa: «Stå opp! Eg er berre eit menneske, eg òg.»

27. Medan dei gjekk inn, tala Peter med han. Men då Peter såg alle dei som hadde samla seg,

28. sa han til dei: «De veit at ein jøde ikkje har lov til å vera saman med nokon frå eit anna folk eller gå inn i huset til dei. Men meg har Gud synt at eg ikkje skal kalla noko menneske vanheilagt eller ureint.

29. Difor kom eg utan motmæle med det same eg fekk bodet. Men no spør eg: Kvifor har de sendt bod etter meg?»

30. Då sa Kornelius: «For fire dagar sidan heldt eg bøn heime i huset mitt. Det var på same tid som no, i den niande timen. Med eitt stod det ein mann i lysande klede framfor meg.

31. Kornelius, sa han, Gud har høyrt bøna di og har kome i hug sælebotsgåvene dine.

32. Send bod til Jaffa og bed Simon som har tilnamnet Peter, koma hit! Han held til hjå garvaren Simon, som bur nedmed sjøen.

33. Då sende eg straks bod etter deg, og du gjorde vel som kom. Så står vi då alle her for Guds åsyn og vil høyra alt det som Herren har gjeve deg påbod om å seia.»

34. Då tok Peter til ords og sa:No skjønar eg i sanning at Gud ikkje gjer skil på folk,

35. men tek imot alle som ottast han og gjer det som rett er, kva folkeslag dei så er av.

36. De kjenner det ordet han sende til israelittane, evangeliet om fred ved Jesus Kristus, han som er Herre over alle.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 10