Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 10:1-17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. I Cæsarea budde det ein mann som heitte Kornelius; han var offiser i den hæravdelinga som vart kalla Den italiske.

2. Han var ein from mann, og både han og huslyden hans høyrde til dei som trudde på Israels Gud. Han gav mange sælebotsgåver til folket og bad alltid til Gud.

3. Ein dag ikring den niande timen hadde han eit syn. Han såg tydeleg at ein engel frå Gud kom inn til han og sa: «Kornelius!»

4. Kornelius stokk til, såg fast på han og sa: «Kva vil du, herre?» Engelen svara: «Bønene og gåvene dine har stige opp til Gud og mint han om deg.

5. Send no folk til Jaffa og hent ein mann som heiter Simon og har tilnamnet Peter.

6. Han bur hjå ein garvar som heiter Simon og har eit hus nedmed sjøen.»

7. Då engelen som tala til han, var faren bort, kalla han til seg to av tenarane sine og ein gudfryktig soldat, ein av dei som støtt var med han.

8. Han fortalde dei kva som hadde hendt, og sende dei så av stad til Jaffa.

9. Dagen etter, medan dei var på vegen og ikkje hadde langt att til byen, gjekk Peter opp på taket og ville be; det var ikring den sjette timen.

10. Då vart han svolten og ville få seg mat. Medan dei laga til maten, kom det ei bortrykking på han,

11. og han såg himmelen open og noko koma dalande ned; det såg ut som ein stor duk som vart firt ned på jorda etter dei fire hjørna.

12. I duken var det alle slag dyr som lever på jorda, firføtte dyr og krypdyr, og alle slag fuglar som flyg under himmelen.

13. Og det kom ei røyst som sa: «Stå opp, Peter! Slakt og et!»

14. «Nei, nei, Herre!» svara Peter, «aldri har eg ete noko vanheilagt eller ureint.»

15. Då tala røysta til han andre gongen: «Det som Gud har lyst reint, skal ikkje du halda for ureint.»

16. Dette hende tre gonger, og så vart duken teken opp att til himmelen.

17. Som no Peter var rådvill og ikkje visste kva det skulle tyda, det synet han hadde hatt, kom mennene frå Kornelius. Dei hadde spurt seg fram til huset hans Simon, og no stod dei utfor porten.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 10