Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Peter 2 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Falske lærarar

1. Men det fanst òg falske profetar i folket, og sameleis skal det stå fram vranglærarar mellom dykk. Dei skal lura inn vranglære som fører til undergang, og jamvel fornekta Herren som har kjøpt dei frie. Dermed fører dei seg sjølve i ei brå fortaping.

2. Mange kjem til å fylgja dei i deira syndige liv, og for deira skuld vert sanningsvegen spotta.

3. Havesjuke som dei er, fer dei med dikt og lygn for å få pengar ut av dykk. Men alt lenge har dei hatt domen hangande over seg, og fortapinga ventar på dei.

4. For Gud sparte ikkje eingong englar som hadde synda, men støytte dei ned i avgrunnen, der dei vert haldne i varetekt i mørke holer heilt til domen.

5. Heller ikkje sparte han den gamle verda. Det var berre Noah, rettferdsforkynnaren, og sju andre han berga då han lét storflaumen koma over ei verd med ugudelege menneske.

6. Byane Sodoma og Gomorra dømde han til undergang og la dei i oske; han gjorde dei til ei åtvaring for dei som seinare ville leva eit ugudeleg liv.

7. Men han berga den skuldlause Lot, som leid når han såg kor vilt dei levde, desse agelause menneska.

8. Ja, denne rettferdige mannen, som budde midt imellom dei, pintest dag ut og dag inn i si rettferdige sjel når han såg og høyrde alt det vonde dei gjorde.

9. Så veit då Herren å fria dei gudfryktige ut or prøvingar, men å halda dei vonde i varetekt til straffa på domedag,

10. fyrst og fremst dei som fylgjer si ureine, sanselege lyst og vanvørder det herreveldet dei har over seg.Desse menneska er frekke og sjølvtrygge, og utan å skjelva spottar dei englemakter.

11. Ikkje eingong englar, som står høgare i makt og styrke, kjem med spottande ord når dei klagar dei for Herren.

12. Men desse spottar det dei ikkje kjenner; dei er som vitlause dyr, av naturen etla til å fangast og gå til grunne. Så skal dei òg gå under i sitt forfall

13. og lida vondt for det vonde dei har gjort. Det likaste dei veit, er å svira midt på ljose dagen. Dei er til skam og vanære for dykk når dei et saman med dykk og finn si glede i å fylla seg.

14. Dei er stadig på utkikk etter skjøkjer, og på synd er dei umettande. Dei forfører ustøe sjeler, og dei kan kunsten å kara til seg. Under forbanning er dei!

15. For dei har vike av frå den beine vegen og villa seg bort. Dei går same vegen som Bileam, son til Beor, han som berre hadde sans for den løn han kunne få ved å gjera urett.

16. Men han vart tala til rettes for si misgjerning; eit umælande esel tala med mannemål og stogga profeten i hans vitlause framferd.

17. Slike menneske er som brunnar utan vatn, skodde som driv med vinden. Det svartaste mørker har dei i vente.

18. For dei talar store ord om det som ingen ting er, og med sanselege lyster og syndig liv lokkar dei menneske som nett har kome seg unna dei som fer vilt.

19. Dei lovar fridom, men sjølve er dei slavar av det moralske forfallet. Det ein ligg under for, er ein òg slave av.

20. For når nokon har lært å kjenna vår Herre og frelsar Jesus Kristus og har kome fri frå det ureine i verda, og dei så atter lèt seg fanga av dette og ligg under for det, då er dei verre farne enn før.

21. Det hadde vore betre for dei om dei aldri hadde lært rettferds veg å kjenna, enn at dei fyrst kjende han og så vende seg bort frå det heilage bodet dei hadde fått overlate.

22. Då har det gått med dei som det så råkande heiter i ordtaket: Hunden snur seg til sitt eige spy, og: Ikkje før er grisen vaska, så velter han seg i søla.