Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Korintar 8:14-24 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

14. Denne gongen er det de som har overflod og kan hjelpa dei som lid naud. Ein annan gong har dei overflod og kan hjelpa dykk når de lid naud. Då vert det likskap,

15. som skrive står:Den som fekk mykje,hadde ikkje meir enn han trong,og den som fekk lite,vanta ikkje noko.

16. Men Gud vere takk, som har vekt den same omsut for dykk hjå Titus òg.

17. Han sa ja då eg bad han, og vart så ihuga at no reiser han til dykk etter eige ynske.

18. Saman med han sender vi den broren som får ros i alle kyrkjelydane for sitt arbeid for evangeliet.

19. Ja, ikkje berre det, men kyrkjelydane har valt han ut til å reisa saman med oss og bera fram den gåva som vi har samla inn for å fremja Herrens ære og visa vår gode vilje.

20. På den måten kan ingen lasta oss for noko i samband med den store gåva som vi har hand om.

21. For vi legg vinn på å gjera det som rett er, ikkje berre for Herren, men òg for menneske.

22. Saman med desse to sender vi endå ein av brørne våre. Ofte og på mange måtar har han synt oss kor ihuga han er, og ettersom han har stor tiltru til dykk, er han di meir ihuga etter å koma i gang.

23. Når det gjeld Titus, så kom i hug at han er min medhjelpar og medarbeidar hjå dykk. Og dei andre brørne, dei er utsendingar frå kyrkjelydane og Kristi ære.

24. Vis dei no den kjærleiken de har, og lat dei og alle kyrkjelydane få sjå at det er med rette eg har rosa dykk.

Les hele kapitlet 2. Korintar 8