Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Korintar 8:1-10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. No skal de få høyra, brør, om den nåde Gud har synt kyrkjelydane i Makedonia.

2. Dei har vore hardt prøvde, men den overstrøymande gleda deira og den djupe fattigdomen har gjort dei rike og viljuge til å gje.

3. For dei gav etter evne, det kan eg vitna, ja, over evne, og det friviljug.

4. Dei bad inderleg om lov til å få vera saman med oss i denne tenesta for dei heilage.

5. Og dei gav ikkje berre så som vi vona, men dei gav seg sjølve, fyrst til Herren og så til oss, som Gud vil det.

6. Difor bad vi Titus gjera ferdig den gåva som han før hadde teke til å samla inn hjå dykk.

7. Men liksom de er rike på alt, på tru og tale, kunnskap og iver, og på den kjærleiken som de eig og har fått av oss, så må de òg med denne gåva syna kor rike de er.

8. Eg seier ikkje dette som eit påbod, men eg nemner iveren hjå dei andre for å prøva om kjærleiken dykkar er ekte.

9. De kjenner vår Herre Jesu Kristi nåde, at han for dykkar skuld vart fattig då han var rik, så de ved hans fattigdom skulle verta rike.

10. Eg seier mi meining om dette; det kan vera til gagn for dykk, de som i fjor gjekk inn i arbeidet og la godviljen til.

Les hele kapitlet 2. Korintar 8