Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Korintar 6:2-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

2. For han seier:I rette tid bønhøyrde eg deg,på frelsesdagen hjelpte eg deg.Sjå, no er den rette tid, no er frelsesdagen!

3. Og vi vil ikkje gje menneske grunn til å støyta seg på noko, så tenesta ikkje skal verta spotta.

4. I alt viser vi oss som Guds tenarar: med tolmod i trengsler, i naud og i angst,

5. under slag, i fengsel og i opprør, i hardt arbeid, i nattevòke og svolt.

6. Vi går fram med reinleik og visdom, med langmod og godleik, i Den Heilage Ande, med kjærleik utan svik,

7. med sannings ord og i Guds kraft, med rettferds våpen i høgre og venstre hand,

8. i ære og vanære, om vi får lastord eller lovord. Dei seier at vi fører folk vilt, men vi talar sant,

9. vi er ukjende, men kjende av alle, vi er døyande, og sjå, vi lever! Vi vert slegne, men ikkje ihelslegne,

10. vi syrgjer, men er alltid glade, vi er fattige, men gjer mange rike, vi har ingen ting, men eig alt.

11. Vi har tala rett ut til dykk, korintarar, de har stort rom i hjarta vårt.

12. De har det ikkje trongt hjå oss; det er i dykkar hjarta det er trongt.

13. Men gjev oss likt for likt – eg talar som til born: Vidka de òg ut hjarto dykkar!

14. Gå ikkje i framandt åk med vantruande! For kva har rettferd med urett å gjera, og kva samfunn har ljos med mørker?

15. Korleis kan Kristus og Beliar semjast? Kva sameinar ein truande og ein vantru?

Les hele kapitlet 2. Korintar 6