Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Korintar 6:11-18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

11. Vi har tala rett ut til dykk, korintarar, de har stort rom i hjarta vårt.

12. De har det ikkje trongt hjå oss; det er i dykkar hjarta det er trongt.

13. Men gjev oss likt for likt – eg talar som til born: Vidka de òg ut hjarto dykkar!

14. Gå ikkje i framandt åk med vantruande! For kva har rettferd med urett å gjera, og kva samfunn har ljos med mørker?

15. Korleis kan Kristus og Beliar semjast? Kva sameinar ein truande og ein vantru?

16. Korleis kan Guds tempel og avgudane forlikast? For vi er den levande Guds tempel. Gud har då sagt:Eg vil bu og ferdast mellom dei;eg vil vera deira Gud,og dei skal vera mitt folk.

17. Difor seier Herren:Dra bort frå dei,og skil dykk frå dei,ikkje rør noko ureint!Då vil eg ta imot dykk;

18. eg vil vera ein far for dykk,og de skal vera mine søner ¬og døtrer,seier Herren, Den Allmektige.

Les hele kapitlet 2. Korintar 6