Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Korintar 3:7-17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. Den tenesta som var føreskriven med bokstavar hogne i stein, var ei dødens teneste. Likevel var ho omgjeven av ein slik herlegdom at israelittane ikkje kunne sjå Moses i andletet; så sterk var glansen frå det, endå det var ein glans som kvarv.

8. Kor mykje større herlegdom har ikkje då Andens teneste?

9. For hadde fordømingstenesta herlegdom, så må rettferdstenesta vera endå mykje rikare på herlegdom.

10. Ja, det som den gongen var omgjeve av herlegdom, har mist all herlegdomen sin. For no er det kome ein herlegdom som er så mykje, mykje større.

11. For når det som kvarv, var herleg, kor mykje herlegare må ikkje det vera som vert ståande?

12. Sidan vi no har slik ei von, går vi fram med stort frimod.

13. Vi gjer ikkje som Moses, han som la eit sveip over andletet, så israelittane ikkje skulle sjå den kvervande glansen før han var borte.

14. Men dei vart forherda. For heilt til denne dag ligg dette sveipet der når dei les frå bøkene i den gamle pakta. Og dei ser ikkje at pakta er avlyst i Kristus.

15. Ja, heilt til denne dag ligg det eit sveip over hjarta deira når Moses vert lesen.

16. Men når dei vender om til Herren, vert sveipet bortteke.

17. Herren er Anden, og der Herrens Ande er, der er fridom.

Les hele kapitlet 2. Korintar 3