Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Korintar 3:3-8 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

3. For de syner dykk som Kristi brev, eit brev som har vorte til ved vår teneste. Det er ikkje skrive med blekk, men med den levande Guds Ande, ikkje på steintavler, men i menneskehjarto.

4. Denne overtydinga har vi i Kristus, for Guds åsyn.

5. Ikkje så at vi av oss sjølve duger til dette; vi kan ikkje tenkja ut noko, som om det kom frå oss. Nei, vår dugleik er av Gud,

6. han som gjorde oss til tenarar for ei ny pakt, som ikkje byggjer på bokstav, men på Ande. For bokstaven slår i hel, men Anden gjer levande.

7. Den tenesta som var føreskriven med bokstavar hogne i stein, var ei dødens teneste. Likevel var ho omgjeven av ein slik herlegdom at israelittane ikkje kunne sjå Moses i andletet; så sterk var glansen frå det, endå det var ein glans som kvarv.

8. Kor mykje større herlegdom har ikkje då Andens teneste?

Les hele kapitlet 2. Korintar 3