Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Korintar 3:1-3 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Tek vi no atter til å gje oss sjølve lovord? Eller treng vi, som visse andre, tilrådingsbrev frå dykk eller til dykk?

2. Nei, de er sjølve vårt tilrådingsbrev, skrive i hjarto våre, kjent og lese av alle menneske.

3. For de syner dykk som Kristi brev, eit brev som har vorte til ved vår teneste. Det er ikkje skrive med blekk, men med den levande Guds Ande, ikkje på steintavler, men i menneskehjarto.

Les hele kapitlet 2. Korintar 3