Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Korintar 13:5-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

5. Ransak dykk sjølve om de er i trua; prøv dykk sjølve! Eller kjenner de ikkje at Jesus Kristus er i dykk? Det måtte då vera at de ikkje held prøva.

6. Men eg vonar de skal skjøna at vi held prøva.

7. Vi bed til Gud at de ikkje må gjera noko vondt, ikkje for at det skal visa seg at vi held mål, men for at de skal gjera det som godt er. Så kan det gjerne sjå ut som om vi ikkje held mål.

8. For vi maktar ingen ting mot sanninga, men berre for sanninga.

9. Difor gleder vi oss når vi er veike, berre de er sterke. Og det er vår bøn at de må nå fram til alt større mognad.

10. Difor skriv eg dette før eg kjem, så eg ikkje skal verta nøydd til å fara strengt fram mot dykk når eg er komen, og bruka den fullmakta Herren har gjeve meg. For den har eg fått for å byggja opp, ikkje for å riva ned.

11. Elles, brør, gled dykk! Sjå til at de kjem i rett skikk. Ta imot rettleiing! Ver samlyndte, hald fred med kvarandre, så skal kjærleikens og fredens Gud vera med dykk.

12. Helsa kvarandre med ein heilag kyss! Alle dei heilage helsar dykk.

13. Herren Jesu Kristi nåde, Guds kjærleik og Den Heilage Andens samfunn vere med dykk alle!

Les hele kapitlet 2. Korintar 13