Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Tessalonikar 3:1-5 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Då vi ikkje kunne halda dette ut lenger, sette vi oss føre å vera åleine att i Aten,

2. og vi sende Timoteus til dykk, vår bror og Guds medarbeidar i tenesta for Kristi evangelium. Han skulle styrkja dykk i trua og setja mot i dykk,

3. så ingen skulle vera ustø i desse trengslene. De veit då sjølve at det er oss pålagt.

4. Då vi var hjå dykk, sa vi dykk føreåt at vi kom til å få trengsler. Såleis gjekk det òg, som de veit.

5. Og då eg ikkje heldt det ut lenger, sende eg han av stad. Eg måtte vita korleis det stod til med trua dykkar, om freistaren hadde greitt å freista dykk, så arbeidet vårt var nyttelaust.

Les hele kapitlet 1. Tessalonikar 3